Malt er ei matvare laga av korn som har spirt og så tørka. Som oftast bruker ein bygg til å laga malt ettersom det inneheld mykje enzym.[1] Vidare kan ein trekkja ut maltekstrakt der ein skil sukkeret frå kornet. Malt er rikt på sukker (mono- og disakkarid) og B-vitamin.
Ein bruker særleg malt til ølbrygging og til å laga andre alkoholdrikkar, som whisky. Det blir også brukt til å laga eddik, bakevarer, drikkar som milkshake og vørterøl, og dessertar og godteri som mämmi eller Maltesers.
Maltekstrakt er ein søt substans som blir brukt som kosttilskot.[2] Det var populært i første halvdel av 1800-talet som tilskot til arbeidarklasseborn i byane i Storbritannia, sidan kosten deira ofte mangla vitamin og mineral. Ungane vart gitt tran av same grunn, men den smakte så dårleg at den vart blanda ut med maltekstrakt.