Mannaask | |
![]() Mannaask | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Mannaask | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Oliventrefamilien Oleaceae |
Slekt: | Askeslekta Fraxinus |
Art: | Mannaask F. ornus |
Vitskapleg namn | |
Fraxinus ornus |
Mannaask (Fraxinus ornus) er eit lauvfellande tre i oliventrefamilien. Arten er utbreidd frå Spania i vest til Tyrkia, Armenia og Libanon i aust og nordover til Austerrike, Tsjekkia og Polen.[1][2]
Mannaask blir opptil 20 m høg og har glatt, grå bork. Blada er motsette og finna med 5–9 mørkegrøne småblad. Blomsae spring ut samtidig med blada og er kvite og duftande; dei sit i tette, kjegleforma, endestilte klasar. Pollineringa blir utført av insekt, hovudsakleg blomsterfluger og små biller, men noko pollen blir spreidd med vinden. Frukta er ei nøtt med venge (samara).[3][4][5][6]
Blomen har eit fruktemne, to pollenberarar og fire smale kronblad som er 5–6 mm lange. Hjå litt over halvparten av trea er fruktemnet redusert slik at blomane fungerer som hannblomar, medan resten har tvikjønna blomar. Dette kjønnssystemet er kjend som androdiøci. Det er sjeldan blant dei fleste plantar, men finst hjå fleire artar i oliventrefamilien.[6][7]
Arten veks i skog, maquis, ravinar og på steinete stader.[3]
Om ein skjer i borken, renn det ut saft som inneheld søtstoffet mannitol. Både sevja og borken er blitt brukt til medisin. Safta er søt og nærande, og er blitt brukt under rekonvalesens. Ho kan også brukast til å maskera dårleg smak i annan medisin. Ho er også tradisjonelt blitt brukt som eit mildt avføringsmiddel.[8][1] Safta har gjeve namn til treet, fordi ein frå mellomalderen likna henne med manna frå bibelsoga.
Mannaask blir også brukt som prydtre, planta i hagar, parkar og langs gater nord til Dei britiske øyane. Det er også blitt dyrka i Noreg, men blir då berre ein busk.[5]