Marianne Andersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. mars 1980 (44 år) Drammen kommune |
Idrett | orientering |
Marianne Andersen (fødd 27. mars 1980) er ein norsk orienteringsløpar frå Drammen. Individuelt har ho vunne sju sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i verdsmeisterskap, i stafett har ho eitt gull, to sølv ein bronse.
Åra frå 2004 til 2022 vart Andersen norsk meister 24 gongar, flest NM-gull har ho på mellomdistansen med 9 i talet.
Andersen sanka VM-sølv på klassisk- og mellomdistansen både i 2006 og 2009, samt på klassisk-distansen i 2008 og 2010 og på mellomdistansen i 2017. Under den medaljerike verdsmeisterskapen 2009 i Miskolc i Ungarn var ho ankerkvinne då Noreg vann stafetten med god margin, Betty-Ann Bjerkreim Nilsen og Anne Margrethe Hausken sprang dei fyrste etappane.
Frå europeiske meisterskap i orientering har Andersen ytterlegare tre sølvmedaljar.