Marihandslekta | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Artar i Noreg | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza
Neck. ex Nevski
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Eurasia, Nord-Amerika |
Marihandslekta (Dactylorhiza) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
På verdsbasis har marihandslekta nokre titals artar.[2][3] Av desse er fem representerte i Noreg.[4] Slekta er ei av dei mest uoversiktlege planteslektene i norsk flora. Systematikken i slekta er problematisk, det er stor usemje om kva som skal reknast som artar og kva som skal reknast som underartar, og mange artar og underarter kryssar seg med kvarandre og lagar vanskelege mellomformer. Særleg har det polyfyletiske komplekset kongsmarihand (Dactylorhiza majalis) vore omdiskutert.[5][6]
Orkideane i denne gruppa var opphavleg rekna inn i vårmarihandslekta Orchis,[7] men artane med forgreina rotknoll vart så skilde ut til slekta Dactylorchis,[8] seinare Dactylorhiza.[9][10] Ut frå eit ønske om monofyletiske slekter er grønkurle, som før var rekna til ei eiga slekt (Coeloglossum), no rekna inn i marihandslekta.[11]
Namnet Dactylorhiza kjem frå daktylos (gresk δάκτυλος), som tyder finger, og riza (gresk ρίζα), som tyder rot. Namnet viser til rota hos artane i slekta, som liknar fingrane på ei hand.
Artsdatabanken opererer med desse artane og underartane i Noreg:[4]
Av artane og underartane i slekta Dactylorhiza er desse tekne med på Norsk raudliste for artar (2021):[14]
Kritisk truga (CR):
Sterkt truga (EN):
Sårbar (VU):