Marita Lange | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 22. juni 1943 (81 år) Halle (Saale) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | OL 1968, OL 1972, EM 1966, EM 1969, EM 1971, EM 1974 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Marita Lange (fødd 22. juni 1943) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Halle an der Saale som vann sølvmedaljar i kulestøyt under sommarleikane i Mexico-byen i 1968 og ved europameisterskapen 1971, dessutan EM-bronsar i 1966 og 1969. Ho representerte Aust-Tyskland.
Lange var ein av dei tre beste kulestøytarane i verda på kvinnesida i tida 1966-71, landskvinna Margitta Gummel og sovjetiske Nadesjda Tsjisjova dei andre. I alle dei fire store internasjonale meisterskapane i perioden måtte Lange sjå seg overgått av den eine, eller av begge desse utøvarane. Dermed enda ho opp med to sølvmedaljar og to bronsemedaljar i utandørsmeisterskapane. Våren 1969 vann derimot Lange kuletevlinga i innandørs-EM i Beograd. I 1970 vart ho austtysk meister i kulestøyt. Sin personlege rekord oppnådde Lange i Aust-Berlin den 25. august 1974 då kula landa på 19,40 meter. Ho la opp same hausten.