Mary Weiss | |||
![]() | |||
Fødd | 28. desember 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Død | 19. januar 2024 (75 år) | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–69, 1989, sidan 2006 | ||
Sjanger | Pop | ||
Instrument | Synging | ||
Tilknytte artistar | The Shangri-Las | ||
Plateselskap | Red Bird, Norton | ||
Verka som | Songar |
Mary Weiss (28. desember 1948–19. januar 2024) var ein USA-amerikansk popsongar, mest kjend som førstesongar i The Shangri-Las i 1960-åra. Ho forsvann så frå musikkmiljøet i fleire tiår før ho kom attende i 2007 med det første soloalbumet sitt, for Norton Records.[1]
Weiss voks opp i Queens, den eldre søster hennar Elizabeth (kjent som Betty) og den eldre bror hennar George budde i Cambria Heights. Ho song i skuleteater og kyrkjekor. I tillegg lytta ho til broren og venene hans framføra populære songar; George var Elvis Presley-fan. Mary sette pris på artistar som Neil Sedaka og Everly Brothers; ho var til stades ved sin første Everly Brothers-konsert i 1963 på Freedomland U.S.A. i ein alder av 14 år.[1]
Etter at Weiss og søstera Betty vart gode vener med tvillingane Mary Ann og Margie Ganser på barneskulen, song dei fire på lokale dansar og treff. Det førte dei til den lokale produsenten Artie Ripp, som seinare signerte dei til Kama Sutra Productions. Etter å ha spelt inn demoar og komme seg til Brill Building i 1964 (og signert med Red Bird Records), spelte dei inn songar: «Remember (Walking in the Sand)», som var deira første hit, og «Leader of the Pack», som gjekk til topps på Billboard Hot 100-listene i 1964.[1]
Med den aukande populariteten sin vart Shangri-Las ei leiande jentegruppe i 1960-åra. Etter fleire år med slit, splitta dei seg i 1968 og gjekk kvar til sitt. Weiss drog til San Francisco for å prøva ein annan livsstil. Ho kom seinare tilbake til New York og gav av og til konsertar med Shangri-Las i løpet av 1970-talet, noko som førte til eit comebackforsøk med Sire Records i 1977. I 1989 vart Shangri-Las gjenforeina ein siste gong for Cousin Brucie's Palisades Park Reunion på The Meadowlands i New Jersey.
Weiss tok ein jobb som innkjøpsagent i New York City på Manhattan; som ho hugsa: «Eg byrja å jobba for eit arkitektfirma, og eg var seriøst interessert i det. Så byrja eg med kommersielt interiør, store prosjekt, bygningar.»[1] Seinare avanserte ho til innkjøpssjef og leidde møbelforretninga. På slutten av 1980-talet dreiv ho ei møbelforretning og var interiørarkitekt. I 2001 var ho møbelkonsulent for bedrifter i New York.[2]
I 2019 heidra Rock & Roll Hall of Fame Shangri-Las sin «Leader of the Pack», der Weiss song solo, med Hall's Singles-kategorien.[3]
I 2005 forlét Weiss sin jobb i kommersiell interiør for å gå attende til musikken. I mars 2007 gav Norton Records ut Dangerous Game, eit kritikarrost[4] soloalbum, der ho vart akkompagnert av The Reigning Sound. Ho har opptredd andre stader i USA, og i Spania og Frankrike.
Marie Weiss døydde 19. januar 2024.[5]