Maserasjon av cabernet sauvignon-most med drueskala.

Maserasjon, eller skinnkontakttid, i samband med vinlaging er ein del av vinifikasjonsprosessen der vinen trekkjer ut farge frå skalet (helst til raudvin), og tannin og andre stoff frå kjerner og stilkar.[1]

Ved opparbeiding av urtepreparat og andre naturmiddel inneber maserasjon at opphakka urter m.v. ligg i bløyt i vatn eller andre løysemiddel for å trekkja ut dei virksame stoffa. Etter maserasjonen blir oftast det faste stoffet filtrert bort, og berre det flytande uttrekkjet blir brukt vidare.

Kjelder

  1. Robinson, Jancis, red. (2006). The Oxford Companion to Wine (3. utg.). Oxford University Press. s. 414–5. ISBN 978-0-19-860990-2. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.