Matthias Kyburz | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 5. mars 1990 (34 år) Rheinfelden |
Idrett | orientering |
Tok del i | Verdenslekene 2017, Verdenslekene 2013 |
Matthias Kyburz (fødd 5. mars 1990) er ein sveitsisk orienteringsløpar frå Rheinfelden. Åra frå 2012 til 2021 sanka han seks gullmedaljar, fem sølvmedaljar og ein bronsemedalje ved ulike verdsmeisterskap i orientering. Han sigra i verdscupen i orientering åra 2012, 2013, 2016, 2017 og 2018.
Perioden 2011-22 vann Kyburz 23 tevlingar i verdscupen i orientering. Han sigra på så vel kort-, mellom- og klassisk distanse, som i utslags-sprint. På sveitsisk heimegrunn vart han i 2012 verdsmeister på kortdistansen, framom sine samnemnde landsmenn Matthias Merz og Matthias Müller. Sidan vann Kyburz VM-gull i stafett 2015 og på mellomdistansen i 2016 og 2021. Under VM 2022 i Danmark gjekk han til topps i utslags-sprinten.
I europameisterskap i orientering sprang Kyburz inn til fyrsteplass på både kort- og mellomdistanse i 2016, og på ny i 2018. Ved europameisterskapen 2021 i Neuchâtel i heimlandet vann han gullmedaljar på kortdistansen, utslagssprinten og mixstafetten.