Land | Mauritius |
---|---|
Inndelt i | 100 cent |
ISO 4217-kode | MUR |
Forkorting | EKr |
Mauritisk rupi er mynteininga som vert brukt på den afrikanske øystaten Mauritius, i Indiahavet. Valutaen vart innført i 1877 og erstatta den mauritiske dollaren. Rupien vert utgjeven av Mauritius sin sentralbank, Bank of Mauritius, som har hovudkontor i Port Louis. Ein rupi vert inndelt i 100 cent, men centen er ikkje lenger i bruk.
Alle myntane har bilete av Mauritius sin "landsfader", Seewoosagur Ramgoolam.
Rupi vert i tillegg brukt m.a. på Seychellane, i Pakistan, India og Nepal.