Meirav | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Beit She'an-dalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°27′6.47″N 35°25′18.12″E / 32.4517972°N 35.4217000°E | ||
Folketal | 670 (2015) | ||
Grunnlagd | 1982 (original plassering) 1987 (noverande plassering) | ||
- Grunnlagd av | Nahal | ||
Tilhøyrsle | den religiøse Kibbutzrørsla | ||
![]() Meirav 32°27′06″N 35°25′18″E / 32.451797222222°N 35.4217°E | |||
Wikimedia Commons: Meirav | |||
Nettstad: www.merav.net | |||
Meirav (hebraisk מֵירַב) eller Merav er ein religiøs kibbutz som ligg i fjellsida av Gilboafjellet i Israel. Han ligg kring ti kilometer sørvest for Beit She'an og mindre enn 500 meter frå Den grøne linja i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית עמק המעיינות)), Mo'atza Azorit Emeq Hamaayanot), som fram til 2008 heitte Beit She'an-dalen regionale kommune.
Somme knyt namnet «Meirav» til soga om dødsfallet til Saul i slaget ved Gilboa mot filistrane, som ein trur skal ha skjedd i nærleiken. Dottera til Saul heitte Meirav (1 Samuel 14:49).[1] Namnet kan tolkast som «mykje vatn».
Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd som ein Nahal-busetjing på fjellet Malkishua i 1982 og er den nyaste religiøse kibbutzen i landet.[2] I 1987 vart staden flytta til den noverande plassen på Avinadav.
Meirav ligg like sør for ein annan religiøs kibbutz, Ma'ale Gilboa. Sidan dei begge er religiøse kibbutzar, vart det avgjort at sjølv om dei ligg i Gilboafjella og det hadde vore naturleg for dei å vere ein del av Gilboa regionale kommune, så var det betre å inkludere dei i Beit She'an-dalen regionale kommune, der det var ei gruppe religiøse kibbutzar, som Ein HaNatziv, Sde Eliyahu, Shluhot og Tirat Zvi.
Den 18. november 2011 rapporterte Haaretz at grensemuren nær Meirav kibbutz var endra slik at kring 1 500 dekar med palestinsk land hamna over på israelsk side. Dette vart gjeve til kibbutzen av israelske styresmakter. Ein meiner dette er det første tilfellet av at palestinsk-eigd land overført til eit samfunn i den israelske delen av den grøne linja.[3] I følgje Haaretz hadde ikkje dei israelske styresmaktene rett til å overføre privateigd palestinsk land til kibbutzen. Styresmaktene innrømde at det vart gjort ein feil og at dei kom til å overføre landområdet attende til den palestinske eigaren i februar 2013.[4]