Metanolforgifting er forgifting (intoksikasjon) med alkoholen metanol. Det giftige stoffet metanol vert anten drukke i den tru at det er etanol, eller det kan også koma inn i kroppen ved innanding eller gjennom kontakt med hud.

Patofysiologi

Metanol er ikkje særleg giftig i seg sjølv, men når denne alkoholen kjem inn i kroppen vert han nedbroten i levra til formaldehyd og maursyre, og det er desse stoffa som er skadelege for kroppen.

Symptom på forgifting

Dei vanlegaste symptoma på forgifting med metanol er hovudverk, svimmelheit, kvalme, tåkesyn, synsfeltutfall, koordinasjonsvanskar, forvirring; i alvorlege tilfelle etterfølgt av medvitsløyse og død.

Giftverknaden kjem først frå nokre timar til fleire døgn etter inntaket, så det er viktig å få forgiftningstilfelle til lækjar og sjukehus snøggast råd. Den letale (dødelege) dosen ligg på ca. 100 – 125 ml.

Behandling

Begge desse stoffa verkar ved å redusera verknaden av enzymet alkohol dehydrogenase.

Handsaming av metanolforgifting er ein medisinsk naudstilstand.

Hausten 2002 skjedde det ei rekkje dødsfall i Noreg (Østfold) som følgje av metanolinntak.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff