Metastatisk sjukdom eller metastase er spreiinga av kreft eller annan sjukdom frå eitt organ til eit anna som ikkje er direkte tilknytt.[1] Dei nye sjukdomsførekomstane blir kalla for metastasar[2] eller sekundærsvulstar.[3] Det blei tidlegare ymta om at berre maligne tumorceller og infeksjonar hadde evne til å metastasere (metastasering); dette har blitt avvist av nyare forsking.[4]