Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.
Midgard (norr.Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam. Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.
Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her nyttast ordet Midjungard, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet. På Gamalengelsk er omgrepet Middangeard, som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Vi får tru at ordet tyder på ein sams grunnleggjande verdsoppleving for dei germanske folka.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.