Mikrobryggeri er eit bryggeri der myke av produksjonen gjeng føre seg som eit handverk. Mikrobryggeria er lite automatiserte og industrialiserte og øl produseres i små mengder. Kvart bryggeri har sine eigne spesialiteter til sals.
Dei første mikrobryggeria starta i USA i 1970-åra. Det første mikrobryggeriet i Noreg vart skipa på Jæren i 1989, og fleire mikrobryggeri kom raskt til.[1] Talet på mikrobryggeri i Noreg ligg no på meir enn hundre og talet på øltypar er stort. Det finst mikrobrygeri frå Lindesnes i sør til Longyearbyen i nord. Øl frå mikrobryggeri er til sals i daglegvarebutikker eller på Vinmonopolet. Fleire mikrobryggeri har sin eigen pub eller let turister få smake på ølet.