Mingus Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. juni 1979[1] | |
Innspelt | 1978–1979 | |
Studio | A&M (Hollywood) and Electric Lady (New York) | |
Sjanger | Jazz | |
Lengd | 37:20 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Don Juan's Reckless Daughter (1977) |
Mingus | Shadows and Light (1980)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Christgau's Record Guide | C+[4] |
Pitchfork | 5.5/10[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Encyclopedia of Popular Music | [6] |
Stereo Review | (positiv)[7] |
Mingus er det tiande studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell og eit samarbeid med jazzmusikaren Charles Mingus. Det vart spelt inn i månadane før han døydde, og vart det siste musikkprosjektet til Mingus. Albumet er tileigna han. Mingus kom ut 13. juni 1979.[2] Albumet er forholdsvis eksperimentelt med minimalistisk jazz, akustiske gitarar og til og med ulvar som hyler gjennom «The Wolf That Lives in Lindsey». Alle tekstane er skrivne av Mitchell, medan musikken til fire av songane vart komponert av Mingus, tre av dei nye songar, medan den fjerde er hyllesta hans til saksofonisten Lester Young frå Mingus Ah Um, «Goodbye Pork Pie Hat» frå 1959, som Mitchell skreiv tekst for. Som det føregåande Don Juan's Reckless Daughter, hyrte Mitchell jazzfusiongruppa Weather Report til å spele på plata, mellom andre med Jaco Pastorius. Mingus var òg første gong saksofonisten Wayne Shorter og pianisten Herbie Hancock spelte i studio i lag sidan Shorter sitt Native Dancer frå 1974. Innimellom songane finn ein lydbandopptak frå eit gebursdagsselskap, kalla «(Rap)». På «Funeral» diskuterer Mingus og andre kor lenge han kjem til å leve og korleis gravferda hans kjem til å bli. På plateomslaget finn ein fleire måleri som Mitchell målte av Mingus. Albumet nådde 17. plass på den amerikanske albumlista.
Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Happy Birthday 1975» (Rap) | musikk: Mildred J. Hill | 0:57 |
2. | «God Must Be a Boogie Man» | 4:35 | |
3. | «Funeral» (Rap) | 1:07 | |
4. | «A Chair in the Sky» | tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus | 6:42 |
5. | «The Wolf That Lives in Lindsey» | 6:35 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I's a Muggin'» (Rap) | 0:07 | |
2. | «Sweet Sucker Dance» | tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus | 8:04 |
3. | «Coin in the Pocket» (Rap) | 0:11 | |
4. | «The Dry Cleaner from Des Moines» | tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus | 3:21 |
5. | «Lucky» (Rap) | 0:03 | |
6. | «Goodbye Pork Pie Hat» | tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus | 5:37 |
Før innspelinga av albumet hadde Mitchell fleire «eksperimentelle innspelingar» med musikarar frå New York som hadde arbeidd med Mingus. Desse musikarane var mellom andre:
Desse «eksperimentelle» innspelingane skal ha gått tapt.
Medverkande på sjølve albumet var:
Innspelt i A&M Studios i Hollywood av Henry Lewy og Steve Katz. Ekstra innspelingar i Electric Lady Studios, New York av Henry Lewy og Jerry Solomon
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Arkivserie |
|
Singlar og songar |
|
Samarbeid |
|