Misje | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Øygarden |
Koordinatar | 60°26′58″N 04°57′38″E / 60.44944°N 4.96056°E
|
Høgaste punkt | Storhaugen (59 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Vestland
|
Misje er ei øy og ein tettstad i Øygarden kommune, nord for Sotra i Vestland fylke. Tettstaden har 320 innbyggjarar per 1. januar 2023. Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. Øya ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden.
Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøyna gjekk Misje inn i Fjell kommune. I 2020 vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune.
Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner.
Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøyna i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje.
På Misje var det barneskule, som er nå lagt ned.[1] Skulekrinsen omfatta Turøyna og Misje. Ved gamle skulen er eit lokalmuseum, Misje museum.[2]
Folketalsutvikling for øya Misje:
1801[3] | 1900[4] | 2000[5] | 2023[5] |
---|---|---|---|
14 | 72 | 227 | 330 |