Mitzpe Yair | |||
busetjing | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Hebronfjella | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Har Hebron | ||
Koordinatar | 31°23′04″N 35°08′04″E / 31.38444°N 35.13444°E | ||
Grunnlagd | oktober 1998 | ||
- Grunnlagd av | Meir Am-Shalem | ||
![]() Mitzpe Yair 31°23′04″N 35°08′04″E / 31.384444444444°N 35.134444444444°E | |||
Mitzpe Yair (hebraisk skrift מצפה יאיר, tyder Yair-utposten) er ein uautorisert israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg to kilometer søraust for Susia og høyrer til Har Hebron regionale kommune. Han vart grunnlagd by Meir Am-Shalem i oktober 1998, og i følgje Gideon Levy, var det gjort som hemn for mordet på ein innbyggjar frå Susya, Yair Har-Sinai, som han så vart kalla opp etter.[1]
Mitzpe Yair er ein uautorisert busetjing som vert rekna som ulovleg etter israelsk lov.[2] I 2007 avslørte Peace Now at ein overbetjent i politiet budde der, trass i den ulovlege statusen. Betjenten fekk ordre om å flytte i juli same året.[3]
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[4]