Mohadjirar (مہاجر, مهاجر, også skrive mahajir, mohajir og muhajir) er ei nemning for pakistanarar som kom til Pakistan frå India etter delinga av Britisk India og etterkomarane deira.[1][2][3][4][5] Sjølv om dei kan ha ulike språk frå områda dei stammar frå, er dei hovudsakleg rekna for å ha urdu som morsmål.
Ordet mohadjir er opphavleg arabisk og tyder 'migrant'. I muslimsk tradisjon viser det til dei som følgde profeten Muhammed frå Mekka til eksil i Medina i 622.[6]
Talet på mohadjirar i Pakistan var rapportert til rundt 10 millionar i 1998 (9 939 656 urdutalarar[7]), men estimert til 20 millionar i 2000-åra.[8][9][10][11][12] Mange av dei bur i byar som Karachi, Hyderabad, Lahore og i regionane Sind og Panjab.
|title=
(hjelp)