Monday, Monday Singel av The Mamas & the Papas frå albumet If You Can Believe Your Eyes and Ears | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1966 | |
Sjanger | Sunshine Pop | |
Lengd | 3:00 | |
Selskap | Dunhill | |
Komponist | John Phillips | |
Tekstforfattar | John Phillips | |
Låtskrivar(ar) | John Phillips | |
---|---|---|
Produsent | Lou Adler | |
The Mamas & the Papas-kronologi | ||
«California Dreamin'» (1965) |
Monday, Monday | «I Saw Her Again» (1966)
|
«Monday, Monday» er ein song frå 1966 skriven av John Phillips og spelt inn av The Mamas & the Papas i 1966 for albumet If You Can Believe Your Eyes and Ears. Det var den einaste songen dei gav ut som nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA.[1]
Songen har ein falsk slutt, der det er ein pause før avslutninga av songen, og går opp ein halvnote for mellomspelet og refrenga i songen. Det var den andre songen på rad på førsteplassen av singellista i USA med falsk slutt, etter å ha tatt over etter «Good Lovin'» av Young Rascals.
Den 2. mars 1967 vann The Mamas & the Papas ein Grammy Award for beste popsong med vokal av ein duo eller ei gruppe for denne songen.
H. Karlsen har skrive ein norsk tekst. På norsk heiter songen «Mandag, mandag». Songen vart gjeve ut av Teknikum Four på singlen Nor-Disc NOR 144 i 1967.