Moonmadness Studioalbum av Camel | ||
Utgjeve | 26. mars 1976 | |
Innspelt | Januar og februar 1976 | |
Studio | Basing Street Studios, London | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 39:15 | |
Selskap | Gama/Decca | |
Produsent | Rhett Davies, Camel | |
Camel-kronologi | ||
---|---|---|
The Snow Goose (1975) |
Moonmadness | Rain Dances (1977)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Moonmadness er det fjerde studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i mars 1976. Det var det siste albumet deira med den originale besetninga (Latimer, Bardens, Ferguson, Ward). Etter suksessen med den tett strukturerte og instrumentale The Snow Goose i 1975, spelte bandet igjen inn musikk med vokal.
Albumet har eit generelt tema, slik det førre hadde, men dette følgjer ikkje ei soge. Songane var laust baserte på dei individuelle personlegdomane til medlemmane i Camel: «Air Born» om Andrew Latimer, «Lunar Sea» om Andy Ward, «Chord Change» om Peter Bardens og «Another Night» om Doug Ferguson.
Den siste songen på albumet, «Lunar Sea», endar med ein minutt langs vindeffekt. På somme LP-utgåver var denne vindeffekten spelt i det uendelege fordi rillene i vinylplata var utforma slik at stiften gjekk attende.
I spesialutgåva til Q og Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet rangert på 23. plassen på lista kalla «40 Cosmic Rock Albums».[2] Lesarane av magasinet Prog kåra i 2014 albumet til det 58. beste progalbumet gjennom tidene.
Camel framførte heile albumet på ein turné i 2018.[3]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Aristillus» (instrumental utanom ein talt seksjon av Andy Ward) | Andrew Latimer | 1:56 |
2. | «Song Within a Song» | Latimer, Peter Bardens | 7:16 |
3. | «Chord Change» (instrumental) | Latimer, Bardens | 6:45 |
4. | «Spirit of the Water» | Bardens | 2:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Another Night» | Latimer, Bardens, Andy Ward, Doug Ferguson | 6:58 |
6. | «Air Born» | Latimer, Bardens | 5:02 |
7. | «Lunar Sea» (instrumental) | Latimer, Bardens | 9:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Another Night» (Single version) | 3:22 |
9. | «Spirit of the Water» (Demo) | 2:13 |
10. | «Song Within a Song» (Konsertopptak frå Hammersmith Odeon 14. april 1976) | 7:11 |
11. | «Lunar Sea» (Konsertopptak frå Hammersmith Odeon 14. april 1976) | 9:51 |
12. | «Preparation/Dunkirk» (Konsertopptak frå Hammersmith Odeon 14. april 1976) | 9:32 |
Liste | Plassering |
---|---|
USA Billboard | 118 |
Nederlandske album (MegaCharts)[4] | 16 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[5] | 48 |
Britiske album (OCC)[6] | 15 |
Spania (Superventas Cadena Ser) | 21 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[7] | Sølv | 60 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |