Myntete er ein urtete laga ved å la mynteblad trekka i varmt vatn,[1] eller ein te som er smaksett med mynte.
I Korea er tradisjonell myntete kjend som bakha-cha (박하차), og blir laga med blad frå den lokale ville mynteplanten, Mentha canadensis.[2]
I India blir tradisjonell myntete kalla pudina chai (पुदीना चाय), og blir laga ved å la blad av grønmynte eller peparmynte i varm chai.[3][4]
I Nord-Afrika er myntete ein utbreidd drikk laga av grøn te i pulverform, grønmynte og sukker. Ein kan også nytta andre urte, blomar og appelsinblomevatn. På norsk kan ein kalla denne teen marokkansk myntete. I Mauritania, Marokko og Algerie kallar ein teen tay, atay eller lātāy, og i Tunisia et-tey.[5] Desse namna skil seg frå det typiske arabiske ordet for te, shai (شاي). Ordet ʾit-tāī kjem truleg frå nederlandsk thee.[6]
Det høge innhaldet av eteriske oljer i blada (1–2,5 %), særleg menthol, gjer myntete populær som ein helsebringande drikk. Han har ein avslappande effekt på musklar og fordøyingssystemet, og er lenge blitt brukt mot gastroenterologiske lidingar.[7]