Myrteparula | |
Myrteparula i hekkedrakt Foto: Chuck Homler
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Myrteparula | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Parulafamilien Parulidae |
Slekt: | Setophaga |
Art: | Myrteparula S. coronata |
Vitskapleg namn | |
Setophaga coronata |
Myrteparula (Setophaga coronata) er ein liten sporvefugl i parulafamilien. Han hekkar i Nord-Amerika og overvintrar i sørlege område av USA, og over heile Mexico og det meste av Mellom-Amerika og Karibia.
Kroppslengda åt myrteparula er 14–15 centimeter og vekta kan variere mellom ca. 10 og 16,5 gram. Fjørdrakta i hekketida er gjennomgåande grå, med lys underside og gule markeringar: Krona, overgumpen, og framdelen av flankane er gule. Den vestleg underarten S. c. auduboni har dessutan gul strupe, dei andre fuglane har kvit strupe.[1] Dei gule områda er klåre og kontrastfulle mot grått og svart. Både undersida og rygg har mørke strek og flekker. Dei har ein kvit ring rundt auga og kvit augebrynstripe. Kjønna er ikkje like, hannar er litt mørkare spesielt på brystet. For begge kjønna er drakta utanom hekketida utvaska brunleg på oversida og har eit meir diffust preg.
Dei lever hovudsakleg av insekt. Om vinteren tar dei meir frukt og bær.
Egglegging skjer i mai og juni, dei kan ha opptil to kull per sesong. Reira blir ofte besøkt av brunhovudtrupial som er kjent reirparasitt på mellom anna myrteparula.
Hekkeområdet til myrteparula er i store delar av nordlege Nord-Amerika. Det inkluderer det meste av Alaska og tvers over kontinentet til Newfoundland og Labrador. Underarten S. c. auduboni hekkar dessutan i dei vestlegaste statane av USA og litt inn i Mexico. Myrteparulaer er trekkfuglar og overvintring skjer frå øya Vancouver i nord, langs kysten av vestlege USA, over dei sørlege statane i USA og nordaust omtrent til staten Massachusetts. Dei overvintrar òg i Mexico, i mykje av Mellom-Amerika og Karibia.
Både storleiken på populasjonen og utviklinga er ukjent. Dette er ein av den mest vanlege arten av «amerikanske songarar» i Nord-Amerika og kan ofte sjåast. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.
Det finst berre ei godkjent registrering av myrteparula i Noreg. Den er frå oktober 1996, Utsira i Rogaland.[2] Han er elles ein sporadisk streiffugl i Storbritannia, Island og Irland.