Najaf
farsi نَجَف, an-Najaf, arabisk اَلـنَّـجَـف
by
Masjid al-Imam ‘Ali-moskeen, ein av dei viktigaste stadane i Najaf
Land  Irak
Guvernement Najaf guvernement
Høgd 60 moh.
Folketal 1 389 500  (2014)[1]
Tidssone UTC+3
Kart
Najaf
32°01′44″N 44°20′23″E / 32.028951°N 44.339621°E / 32.028951; 44.339621
Wikimedia Commons: Najaf

Najaf (arabisk اَلـنَّـجَـف) eller An Najaf Al Ashraf (arabisk النّجف الأشرف) er ein by sør i det sentrale Irak kring 160 km sør for Bagdad. Folketalet var i 2013 estimert til kring éin million innbyggjarar.[2] Han er hovudstad i Najaf guvernement. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 130 km sør for Bagdad. I 2003 hadde han kring 563 000 innbyggjarar.[3]

Najaf voks fram som valfartsstad for sjiamuslimar.[3] I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam, Ali ibn Abi Talib (ca. 600–661), er gravlagd.[3] I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.

Historie

Najaf skal ha blitt grunnlagd i 791 av abbasidekalifen Harun al-Rasjid. Etter kvart er han blitt fylt med skular, bibliotek og sufisenter slik at han blei den viktigaste byen for sjiittisk lærdom og teologi, på linje med Qom i Iran. Mange vidkjende teologar har studert her, til dømes Allameh Tabatabaei, Ayatollah Khomeini og Ayatollah Sistani.

Under det sunnidominerte styret til Saddam Hussein i Irak såg ein på byen med mistru, og det blei lagt band på dei religiøse aktivitetane til sjiamuslimar. Mot slutten av Gulfkrigen i 1991 braut det ut eit stort opprør som blei slege ned av det irakiske militæret.

Då amerikanske styrkar invaderte Irak i 2003 kringsette dei byen, men ønskt ikkje å gå inn i han, av frykt for å få sjiaane imot seg. Rundt ti dagar etter at Bagdad fall gav Najaf opp motstanden.

Kjelder

  1. http://www.citypopulation.de/Iraq.html
  2. Ring, Trudy (1996). «Najaf». Global Security. Henta 27. februar 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Al Najaf». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 5. juli 2018. 
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.