Bergen rådhus er oppført i naturbetong.

Naturbetong er ein metode for støyping og handsaming av betong. Naturbetong har synleg innslag av naturstein og vert brukt for å gjeva fasadar eit grovare uttrykk.

Nærbilete av naturbetong på Y-blokka, kortvegg mot Akersgata.
Foto: Helge Høifødt

Arkitekt Erling Viksjø og ingeniør Sverre Jystad utvikla naturbetong – som dei patenterte i 1955.[1][2][3] Ei rekkje bygg av Viksjø er vortne oppførte med naturbetong, deriblant høgblokka (1955–58) og Y-blokka (1970), Hydrobygget (1960–63), Standard Telefon og Kabelfabrik (1968) og Bergen rådhus (1971–74).

Teknikk

Støypemetoden inneber å fylla forskalinga fyrst med tilslag av småstein – som regel rundslipt elvegrus – for så å fylla hulromma med sement. Etter at blandinga har storkna, vert betongfasaden sandblåst for å gjeva han eit grovare uttrykk ved at tilslaget av rundslipt elvegrus vert framheva. Til skilnad frå rein betong brukt i brutalismen i same periode, skapar naturbetong eit mykje meir variert og levande uttrykk.[1][4]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Morten, Ryen, «Sosialdemokratiets høyborg skal bli som ny», www.statsbygg.no, henta 10. november 2023 
  2. Elisabeth Seip (25. november). REGJERINGSKVARTALET ETTER 22.7.2011 (PDF). Oslo. 
  3. Viksjø, Erling: «Det nye regjeringsbygget». Byggekunst 1-1959, s. 4-5.
  4. Søberg, Martin (12. oktober 2021). «Espen Johnsen: Erling Viksjø: Eksperimenter i form og betong». Kunst og Kultur (på norsk) 104 (3): 182–184. ISSN 0023-5415. doi:10.18261/issn.1504-3029-2021-03-05.