Ein nazist er ein tilhengjar av nazisme. Sjølv kalla dei opphavlege tyske nazistane seg «nasjonalsosialistar», det nazistiske partiet i landet heitte det Nasjonalsosialistiske Tyske Arbeidarpartiet, NSDAP (1919-1945). Nazismen er ein underkategori av den breiare kategorien fascisme, ein spesielt rasistisk variant som altså oppstod i Tyskland. Nazistar/nynazistar har etter 1945 oftast kalla seg berre «nasjonalistar», men er gjenkjennelege på valdeleg rasisme, historierevisjonisme og visse ytre karakteristikkar (spesiell klesstil, m.m.).

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.