Nighthawks at the Diner Dobbeltalbum av Tom Waits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1975 | |
Innspelt | 30. juli 1975 – 31. juli 1975 | |
Sjanger | Jazz | |
Lengd | 73:54 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bones Howe | |
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
The Heart of Saturday Night (1974) |
Nighthawks at the Diner | Small Change (1976)
|
Nighthawks at the Diner er det tredje albumet til Tom Waits. Det er eit dobbeltalbum frå 1975 på Asylum Records. Namnet er inspirert av eit måleri frå 1942 av amerikanaren Edward Hopper kalla Nighthawks, men som på folkemunne ofte vert kalla Nighthawks at the Diner.
Albumet vart spelt inn «live» i studio føre eit lite, invitert publikum. Dette gjev plata ein eigen sjarm der Waits fortel historier, vitsar og forklarer sogene om fleire songane mellom fleire av spora på plata. Plata gjev derfor i enno større grad enn dei to førre albuma ein nattleg pianobaratmosfære, men på Nighthawks at the Diner gjev Waits for første gong eit meir humoristisk syn på det nattlege livet på barar og kaféar. Kjærleikssongane frå dei første platene er meir eller mindre borte og ein finn i staden songar om einsame fyrar som på «Emotional Weather Report» og «Better Off Without a Wife».
Songen «Big Joe and Phantom 309» er ei utgåve av songen «Phantom 309» av Tommy Faile og spelt av Red Sovine i 1967.
Alle songar er skriven av Tom Waits bortsett frå der anna er notert.