Nini Roll Anker | |
Pseudonym | Jo Nein, Kåre P. |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mai 1873 Molde kommune |
Død |
20. mai 1942 (69 år) |
Yrke | skribent, skodespelforfattar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Ferdinand Nicolai Roll |
Ektefelle | Johan Anker |
Nini Roll Anker på Commons |
Nicoline Magdalene Roll Anker, kjend som Nini Roll Anker, (3. mai 1873–20. mai 1942) var ein norsk forfattar som var fødd i Molde. Ho var dotter av jurist, embetsmann, sorenskrivar, politikar og høgsterettsdommar Ferdinand Roll. Ho skreiv ei rekkje romanar og skodespel, mest kjend er ho for Det svake kjøn (1915), Den som henger i en tråd (1935) og den posthumt utgjevne Kvinnen og den svarte fuglen som kom i 1945.
Den fyrste boka gav ho ut under pseudonymet Jo Nein 1898. Dei neste to bøkene Lil-Anna og andre (1906) og Benedicte Stendal (1909) vart utgjevne under hennar eige namn som då var Nini Roll. Dei seinare bøkene vart publiserte under namnet Nini Roll Anker, etter at ho hadde gift seg med ingeniøren, siglaren og båtkonstruktøren Johan August Anker. Unnataket er tre bøker gjevne ut under pseudonymet Kåre P.: Liv, livet og jeg (1927), Vi skriver en roman (1930) og To ungdomsår (1939).
Nina Roll og Johan Anker budde på Vollen i Asker. 3. mai 1973, på 100-årsdagen sidan ho vart fødd, vart det avduka ei byste av Nini Roll Anker på Gotfred Lies plass i Molde. Bysta er laga av Hjalmar Hansen.