Nordre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det er eitt av dei fem prostia som dekkjer Oslo kommune. Prosten har sete på Torshov.
Prostiet vart oppretta i 1984, under namnet Torshov prosti. Området høyrde før det under Oslo Domprosti. Namnet vart endra frå Torshov til Nordre Aker i 1994.[1] Frå skipinga femnde prostiet prestegjelda Grefsen, Lilleborg, Paulus, Sagene, Sofienberg, Tonsen og Torshov. I 2011 vart sokna Hasle og Sinsen overført til prostiet, medan Grefsen vart ført frå prostiet til Vestre Aker prosti og Tonsen til Østre Aker prosti.[2]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn | Kyrkje | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Hasle sokn | Hasle kyrkje | Oslo |
Paulus og Sofienberg sokn | Paulus kyrkje Sofienberg kyrkje |
Oslo |
Sagene og Iladalen sokn | Sagene kyrkje Iladalen kyrkje |
Oslo |
Sinsen sokn | Sinsen kyrkje | Oslo |
Torshov og Lilleborg sokn | Torshov kyrkje Lilleborg kyrkje |
Oslo |
Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nordre Aker prosti desse prestegjelda: