Notodden kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Øvre Telemark | ||
Sokn | Notodden | ||
Fellesråd | Notodden | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Dagfinn Morseth og Mads Wiel Gedde | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 20. februar 1938 | ||
- Endringar | Rest. 2005 | ||
Klokker | 3, O. Olsen & Søn | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Altartavle | Henrik Sørensen | ||
Orgel | E.F. Walcker | ||
Sitjeplassar | 330[1] | ||
Diverse | Kristusfigur av Stinius Fredriksen over inngangen og evangelistfigurar rundt døra | ||
![]() Notodden kyrkje 59°33′41″N 9°15′54″E / 59.56130278°N 9.26498611°E | |||
Wikimedia Commons: Notodden kirke | |||
Notodden kyrkje er ei langkyrkje frå 1938 i Notodden kommune i Telemark.
Arkitektane, Dagfinn Morseth og Mads Wiel Gedde, vann ein arkitektkonkurranse i 1932, men det tok nokre år før bygginga vart gjennomført. Kyrkja vart oppført i 1937–38 og innvigd 20. februar 1938. Den berande konstruksjonen er av tegl og stein,[2] og kyrkja har tilnærma basilikaform samt eit tilnærma frittståande klokketårn (kampanile). Lillestrøm kyrkje vart teikna av dei same arkitektane etter Notodden, men vart fullført før kyrkja på Notodden.
Altartavla er måla av Henrik Sørensen og viser ein blond kristusfigur.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Gravplassen på Notodden er nokre hundre meter nordvest for Notodden kyrkje.