Frans Xavier var paveleg nuntius i Austen.
Erkebiskop Alberto Bottari de Castello, nuntius til Ungarn, i 2017.

Den pavelege nuntius er leiaren for den diplomatiske representasjonen til Den heilage stolen (pavemakta= i eit land eller ved ein internasjonal organisasjon. Nuntius har rang som ambassadør og er i katolske land oftast doyen. Han skjøttar normalt òg sambandet mellom Den heilage stolen og den lokale katolske kyrkja. Ein nuntius vil oftast vera ein prelat med rang av biskop, erkebiskop eller høgare.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.