Hatshepsut-obelisken i Karnak.

Obelisk (frå gresk obeliskos, 'steikespyd, steinstøtte', ei diminutivform av obelos, 'spyd') er ei frittståande, høg og slank søyle med kvadratisk tverrsnitt som smalnar oppover og som regel ender i ein pyramideforma spiss.[1]

Obeliskar var mykje brukt i det gamle Egypt, særleg som symbol for solguden Ra. Under Romarriket blei mange av dei tekne til Roma, og på 1800-talet blei nokre av dei henta til Paris, London og New York.[1]

Opphavleg blei obeliskar hogne ut av éi steinblokk som monolittar. Dei største er ca. 20–30 m høge. Materialet var mest raudgranitt, truleg fordi dette steinslaget er svært haldbart, og fordi raudfargen var fargen til sola ved soloppgang og -nedgang. Obeliskane hadde gjerne hieroglyfinnskrifter.[1]

Moderne obeliskar

Obelisken ved Washington-monumentet i USA er verdas høgaste på 169 meter.

Frå renessansen av er obelisken blitt eit merke på monumental arkitektur. Dei har særleg vore vanlege ved gravstader og som minnesmerke.

Nokre kjende døme er:

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 «obelisk» (16. februar 2016) i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Obelisk
Litteratur