Lengd | 2 200 meter |
---|---|
Stigning | 15,5%[1] |
Opna | 1992[1] |
Ofredalstunnelen 61°14′35″N 7°36′52″E / 61.24305556°N 7.61444444°E |
Ofredalstunnelen er ein vegtunnel i Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tunnelen er 2200 meter lang, og går gjennom Seimsåsen mellom Seimsdalen og Åsete i Indre Ofredal. Ofredalstunnelen og den kommunale vegen til Indre Ofredal vart opna i 1992. Vegen opp dalen frå staden Indre Ofredal vart bygd som sysselsettingsprosjekt mellom 1935 og 1939.[2][3]
På grunn av dårlege kartdata vart tunnelen sprengt halvvegs med feil stiging; dette førte til at siste halvdelen måtte lagast svært bratt, med heile 15,5 % stiging, for å kome ut på rett plass i Indre Ofredal.[4][5]