Ola Olstad | |||
| |||
Fødd | 22. februar 1885 Øyer kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 15. november 1969 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | zoolog, oppdagar | ||
Institusjonar | Zoologisk museum |
Ola Olstad (22. februar 1885–15. november 1969)[1] var ein norsk zoolog og polarforskar, og det første menneske som sette sine bein på Peter I Øy i Antarktis.
I 1918 vart Olstad tilsett ved Zoologisk museum i Oslo der han først arbeidde i den statlege forsøksverskemda for ferskvassfiskeria under Knut Dahl.[2] Etter eit par år tok han opp studiar over lirypa i Øyer i Gudbrandsdalen, og vart tilknytt Landbruksdepartementet som jaktkonsulent.[3]
Statens viltundersøkelser (Viltforskninga, som i 1974 vart endra til Direktoratet for vilt og ferskvassfisk) vart frå oppstarten i 1936 leia av Olstad. Han var spesielt opptatt av utbreiinga og utnyttinga av elg, rådyr, villrein og bever og gav i 1945 ut boka Jaktzoologi. Han arbeidde òg med biologien hos artar som kråke, jordugle og gråtrost.[3]
Olstad deltok i 1927/28 i den første Norvegia-ekspedisjonen til Bouvetøya og Sør-Georgia.[4] Sesongen etter leia han den andre Norvegia-ekspedisjonen til Peter I Øy i Amundsenhavet, utanfor Ellsworth Land i Vest-Antarktis. Olstad var den første i verda som sette bein på den avsidesliggande øya. Olstad gjorde krav på øya for kongeriket Noreg.[5]
Olstadbreen på Peter I Øy og Olstadtoppen på Annenkovøya i Søratlanteren er kalla opp etter han.