Ole Gustav Gjekstad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1967 (56 år)
Sandefjord kommune
Idrett handball

Ole Gustav Gjekstad (fødd 29. november 1967) er ein norsk handballtrenar og tidlegare -spelar frå Sandefjord. Han var kantspelar på Sandefjord TIF i årrekke. Sidan 2005 har han trent fleire norske toppklubbar.

Gjekstad spelte fram til 1986 på Sandar Idrettslag sitt lag i 4. og 3. divisjon. Perioden 1986 til 1994 var han Sandefjord-spelar, ein klubb han var med om å vinne NM-finalen i 1989, 1990 og 1993. Frå 1994 til 1996 spelte han for Borba Luzern i den sveitsiske toppserien.

Gjekstad landslagsdebuterte i august 1986 og skåra fram til januar 561 mål for Noreg på sine 151 landskampar. Han deltok i Handball-VM 1993, der Noreg enda på 13. plass.

Sidan 1997 har Gjekstad vore trenar i fleire klubblag i norsk toppserie, både for menn og kvinner. Han trente Larvik HK 1998-2005 og 2011-15. I mellomtida var han trenar for Drammen HK. Sidan 2018 har vore trenar for kvinnelaget til IK Våg, betre kjent under det kommersielle namnet Vipers. I si trenargjerning har Gjekstad vore med å hente heim eit titals seriemeistertitlar og kongepokalar.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]