Oljepalmeslekta | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Palmeordenen Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae |
Slekt: | Oljepalmeslekta Elaeis Jacq. |
Oljepalmeslekta (Elaeis, frå gresk for 'olje') er ei planteslekt i palmefamilien som omfattar to artar. Trea i slekta blir brukt til å produsera palmeolje. Afrikansk oljepalme Elaeis guineensis (artsnamnet guineensis viser til landet det stammar frå) er hovudkjelda til palmeolje. Arten kjem frå Vest- og Sørvest-Afrika, og finst mellom Angola og Gambia. Amerikansk oljepalme Elaeis oleifera (frå latin oleifer, 'oljelagande')[1] stammar frå tropisk Mellom- og Sør-Amerika,[2] og blir brukt i dette området til å produsera olje.
Utvaksne palmar har ein enkel stamme, og kan bli over 20 meter høge. Lauvet er parflika og blir rundt 3-5 meter lange. Blomane dannar tette klumpar; kvar enkelt blome er liten, med tre kronblad og tre begerblad. Palmefrukta er raudleg, omtrent på storleik med ei stor plomme, og veks i store klynger. Kvar frukt har ein oljete, tjukt ytterlag (perikarp), og eitt frø (palmekjerna), som også er rik på olje.
Dei to artane, E. guineensis og E. oleifera, kan danna fertile hybridar. Ein har sekvensert genomet til E. guineensis, noko som kan gjera det lettare å avla fram forbetra jordbruksplantar.[3]
Bilde | Vitskapleg namn | Norsk namn | Utbreiing |
---|---|---|---|
Elaeis guineensis Jacq. | Afrikansk oljepalme | Vest- og Sørvest-Africa, særleg området mellom Angola og Gambia | |
Elaeis oleifera (Kunth) Cortés | Amerikansk oljepalme | Sør- og Mellom-Amerika frå Honduras til nord i Brazsl |
Menneske har brukt palmeolje i Vest-Afrika i kanskje så mykje som 5000 år. På 1800-talet oppdaga arkeologar også slik olje i Abydos i Egypt frå 3000 f.Kr.[4]
Sidan palmolje inneheld meir metta feitt enn andre vanlege planteoljer, kan ho brukast til hard frityrsteiking utan å oksidera.[5] Olja inneheld ikkje transfeitt, og bruken av olja i mat har auka etter innføring av reglar om å merka mat med transfeittinnhaldi. Olje frå Elaeis guineensis blir også brukt til biodrivstoff.
Elaeis guineensis blir no dyrka i ei rekkje tropiske land utanfor Afrika, særleg i Malaysia og Indonesia, som til saman produserer det meste av palmeolja i verda, rundt 90 %. Plantasjar der ein dyrkar oljepalmar kan føra til avskoging, ofte av regnskog med stort biologisk mangfald, auka utslepp av drivhusgass og negative innverknadar på lokalsamfunn.[6] Palmeolje er derfor eit kontroversielt produkt.[7]