Orinoco
elv
Bru over Orinoco ved Ciudad Bolívar i Venezuela
Land  Venezuela,  Colombia
Nedslagsfelt 880 000 km²
Lengd 2 410 km
Middelvassføring 33 000 /s
Kjelde Cerro Delgado-Chalbaud, Parima, Venezuela og Brasil
 •  høgd 1 047 moh.
Munning Delta Amacuro, Atlanterhavet
 •  høgd moh.
Kart
Orinoco
8°34′N 60°30′W / 8.56°N 60.5°W / 8.56; -60.5
Wikimedia Commons: Orinoco River

Orinoco er ei av dei lengste elvane i Sør-Amerika med ei lengd på 2 410 km. Bekkenet som elva drenerer dekkjer ca. 880 000 km², av det ligg meir enn tre fjerdepartar i Venezuela. Elva vert ofte også kalla Orinoquia, spesielt i Colombia. Orinoco og sideelvane har vore hovudtransportsystemet i austre og indre del av Venezuela og i Llanos i Colombia. Men ettersom elvefart mistar verde i fleire land, vert mange gamle vassvegar i utkanten av Orinoco meir kommunikasjonshindringar enn nyttige som kommersielle transportvegar.

Historie

[endre | endre wikiteksten]
Illustrasjon av Orinoco-bekkenet

Utlaupet av Orinoco ut i Atlanterhavet vart sett av Columbus så tidleg som 1. august 1498 som ein del av Columbus si tredje Amerika-reise, medan kjelda ved fjellet Cerro Delgado-Chalbaud (02°19′05″N 63°21′42″W / 2.31806°N 63.36167°W / 2.31806; -63.36167 ) vart utforska først 453 år seinare i 1951 av ei felles venezuelansk-fransk gruppe. Fjellet har ei høgd på 1 047 moh. og ligg i Sierra Parima på grensa mot delstaten Roraima i Brasil. Elvedeltaet til Orinoco og sideelvane i austre Llanos så som Apure i Venezuela og Meta i Colombia vart utforska på 1500-talet av tyske ekspedisjonar under leiing av Ambrosius Ehinger og etterfølgjarane hans. I 1531 starta Diego de Ordaz ved hovudutlaupet i Orinocodeltaet og seglde opp elva til Meta. Antonio de Berrio seglde ned sideelva Casanare til Meta, vidare ned Orinoco og tilbake til Coro.

Alexander von Humboldt utforska bekkenet i 1800, rapporterte om lyseraude elvedelfinar og publiserte vidt om flora og fauna.[1]

Geografi

[endre | endre wikiteksten]
Orinoco i delstaten Amazonas i Venezuela.
Foto: Jesús Rincón
Kryssing av Orinoco på ein lektar med slepebåt på grensa mellom delstaten Apure, delstaten Bolívar og departementet Vichada i Colombia.
Foto: Sergio Henao

Elvefaret åt Orinoco teiknar ein vid ellipseforma boge rundt Guayanaskjoldet, det er delt inn i fire strekningar av ulike lengder som grovt sett samsvarar med inndelingar i lengderetninga ein vanlegvis finn i ei typisk stor elv:

Ved munningen forgreinar floda seg til hundrevis av elvar og kanalar gjennom eit myrlendt og skogkledd område på 41 000 km², lik arealet av heile Trøndelag. I regntida kan Orinoco svelle ut til ein breidde på 22 kilometer og ei djupne på 100 meter. Orinoco drenerer eit stort areal, dei mest viktige elvar i Venezuela er sideelvar til floda, den største er Caroní som sluttar seg til Orinoco ved Puerto Ordaz, ikkje langt frå Lloviznafossen.

Ein kuriositet knytt til elvesystemet Orinoco er Casiquiarekanalen som startar som ein arm til midtre Orinoco, men finn veg til Río Negro, ei sideelv til Amazonaselva, og såleis formar ein naturleg kanal, bifurkasjon mellom Orinoco og Amazonaselva.

Vektige sideelvar i Orinoco-bassenget

[endre | endre wikiteksten]

Økologi

[endre | endre wikiteksten]
Sotalia-delfin i Orinoco.

Orinoco-krokodillen er ein av dei mest sjeldne artar av reptil i verda med færre enn 250 individ att fritt i naturen. I dag finst arten berre i Orinoco-bassenget.

To typar elvedelfin, amazonasdelfin og Sotalia-delfin, lever også i elvesystemet Orinoco.

Karibiapirayaer, Pygocentrus cariba lever i vassdraget.

Samferdsel og økonomisk aktivitet

[endre | endre wikiteksten]
Opning av Orinocobrua med presidentene Hugo Chávez og Lula da Silva

Elva er navigerbar i det meste av strekninga, frå havet opp til Ciudad Guayana er elva mudra med skipsrenner for store skip. Elvebåtar kan frakte last opp til Puerto Ayacucho og til Atures-stryka. Den første brua over Orinoco vart ferdig i 1967 og bygd for biltrafikk. Ho har namnet Angosturabrua og ligg på vestsida av Ciudad Bolívar. Orinocobrua ca. 100 km lengre aust, rett ovanfor Ciudad Guayana er ei kombinert jernbanebru og bru for bilar. Ho har styrkt infrastrukturen for samferdsel mellom Guayana-regionen med den vektige industribyen Ciudad Guayana på den eine sida og delstatane Anzoátegui og Monagas på den andre sida og dessutan mellom Venezuela og Brasil.

På nordsida av Orinoco ligg Orinocobeltet, eit geologisk område med store førekomstar av ekstra tung råolje og bitumen i tjøresand. Området strekkjer seg over ca. 600 kilometer i lengde gjennom delstatane Guárico, Anzoátegui og Monagas. I 2005 var gjennomsnittleg dagsproduksjon av tungolje frå området på 600 000 fat og det var fem aktive prosjekt.[2][3][4]

Rekreasjon og sport

[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1988 har ei av verdas største symjetevlingar går føre seg årleg på søndagen nærast 19. april på Orinoco og Caroní. Opp mot 1000 konkurrentar deltek då på Paso a Nado Internacional de los Rios Orinoco-Caroní som byane Ciudad Guayana og Alcaldia Mayor de Caroní arrangerer.[5]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Helferich, Gerard (2004) Humboldt's cosmos: Alexander von Humboldt and the Latin American journey that changed the way we see the world Gotham Books, New York, ISBN 1-59240-052-3
  2. Forero, Juan (1 June 2006) "For Venezuela, A Treasure In Oil Sludge" New York Times Vol. 155 Issue 53597, pC1-C6
  3. Guntis Moritis, Venezuela plans Orinoco expansions, Oil & Gas Journal November 21, 2005 volume 103, issue 43
  4. L.R. Aalund, Technology, Money Unlocking Vast Orinoco Reserves, Oil & Gas Journal October 19, 1998 volume 96, issue 42
  5. «Antecedentes y Sumario Paso a Nado Internacional de Los Rios Orinoco/Caroni», Paso Nado Internacional de Los Rios Orinoco y Caroní Arkivert 2007-12-17 ved Wayback Machine. på spansk.