Pai er ein matrett laga av ei deigskorpe som blir steikt med fyll oppi eller inni. Han blir laga ved at ein kler ei form med deigen og legg eit fyll oppi deigen. Fyllet kan til dømes vera kjøt, fisk, frukt eller bær. Ofte blir det òg lagt eit deiglok oppå, som kan vera heilt eller fletta av deigstrimlar. Pai blir steikt i omn, og kan etast varm eller kald.[1]
Paideig er deig som kan brukast til å laga skorpe på ein pai, på undersida, sidene og eventuelt oppå paien. Det finst fleire deigtypar ein kan bruka til dette. Mørdeig av mjøl, feitt og eventuelt kaldt vatn er vanleg.[2][3] Tertedeig av like delar smør og mjøl, med vatn og nokre gonger eddik, kan også brukast.[4]
Ein anna type paideig blir laga med varmt vatn. Dette gjev ei hardare, meir væskehaldig skorpe, og blir brukt mykje til britiske kjøtpaiar.[5] Ein kan også laga gjærdeig med gjær og varmt vatn.[6]
Nokre paideigoppskrifter nyttar egg.[7] Deig til søte paiar kan innehalda ulike former for sukker.[8]