Patagioenas | |
Flekkvengdue, Patagioenas maculosa Illustrasjon av J. G. Keulemans, 1893, Public domain | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Duefamilien Columbidae |
Underfamilie: | Columbinae |
Slekt: | Patagioenas Reichenbach, 1853 |
Patagioenas er ei slekt av 17 artar middels til store duer i «den nye verda».
Den eintydige skildnaden frå slekta Columba var lenge omstridt, men til slutt stadfesta. Patagioenas er basal til Columba-Streptopelia-strålinga. Forfedrane til Patagioenas splitta ut frå den utviklingslinja truleg for over 8 millionar år sidan. Medan det biogeografiske mønsteret av denne gruppa tyder på at forfedrane til dei typiske duene (Columba) og turtelduene (Streptopelia) koloniserte «den gamle verda» ut frå Amerika, kan Patagioenas like godt vere avkom av duer i «den gamle verda» som berre strålte ut i ulike slekter seinare, om ein veit at gaukduer (Macropygia) i Søraust-Asia òg synest å vere nære slektningar.
Patagioenas i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]