Persevs | |||
![]() Persevs og Andromeda på ein gresk vase. | |||
Tittel | king of Mycenae, king of Argos, king of Tiryns | ||
---|---|---|---|
Opptrer i | Metamorfoser | ||
Identifisert med | Q3476559 | ||
Mor | Danaë | ||
Far | Zevs | ||
Ektefelle | Andromeda | ||
Barn | Gorgophone, Perses, Alcaeus, Elektryon, Heleus, Mestor, Autochthe, Cynurus, Sthenelus, Erythra, Erythras |
Persevs (gammalgresk Περσεύς, Perseús) var i gresk mytologi son av guden Zevs og Danaë, ei argeisk prinsesse som var dotter av kong Akrisios.
Kongen lét dotter si Danaë låsast inn i eit tårn[1] for å unngå ein profeti om at han ville bli drepen av guten som skulle bli fødd av Danaë. Zevs besøkte henne i form av eit gylle regn og dermed vart Persevs fødd.[2]
Redd for at profetien framleis kunne gå i oppfylling, plasserte Akrisios dottera og barnebarnet i ein trekasse som han kasta på havet. Under vern av Zevs stranda dei på øya Serifos, der Persevs voks opp blant fiskarar.[3]
For å møta ei utfordring utskriven av rivalen sin Polydektes under ein bankett, la Persevs ut for å drepa den einaste dødelege gorgona, Medusa.[4]
For oppdraget sitt fekk han guddommeleg hjelp frå Hermes og Atene og magiske gjenstandar: kuneaen eller hjelmen til Hades, som gjer beraren usynleg, eit par sandalar med venger som lèt beraren fly i lufta og ein bag (kibisis) han kunne ha hovudet til Medusa i. For å unngå det forsteinande blikket til gorgona brukte han skjoldet sitt som ein spegel og skar av hovudet hennar. Blod strøymde inn i Okeanos-havet. Dette gav opphav til hesten Pegasus og den kjempa Krysaor med gullsverdet.[5]
På veg heim gjekk han gjennom Aethiopia, der han møtte prinsesse Andromeda, som skulle overleverast til eit sjømonster som straff for mora Kasiopeia sine uforsiktige ord om døtrene til Poseidon.[2] Persevs frigjorde Andromeda og gifta seg med henne.
Tilbake i Serifos tok han hemn på Polydektes, som hadde freista å valdta mora Danaë. Deretter drog han med Andromeda til heimlandet Argos, som Akrisios hadde flykta frå av frykt for profetien for å søka tilflukt i Larisa.
No hadde kongen av denne byen gravferdsleikar der Persevs deltok. Ved å kasta ein diskos drap han ved eit uhell Akrisios, som deltok på hendingane som tilskodar. Profetien vart oppfylt. Av respekt for den døde bestefaren sin valde han å ikkje styra Argos, etter å ha drepe den førre kongen. Han bytte derfor riket til Tiryn, der Megapentes var konge.[6] Her grunnla han byane Mykene og Midea.