Peterhead | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Ceann Phàdraig | |
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Region | Aberdeenshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
17 330 | |
Koordinatar | 57°31′N 1°47′W / 57.517°N 1.783°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | AB42 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1779 | |
Peterhead er ein hamneby i Nordaust-Skottland som ligg nord for Aberdeen. Her ligg det store Peterhead kraftverk på 2 102 MW.
Byen er ein av dei austlegaste byane i landet (aller lengst aust ligg Fraserburgh, ein mindre by - like nord for Peterhead). Peterhead har ca. 19 000 innbyggjarar (2006) og er ein av dei største fiskerihamnene i Nord-Europa. Byen har vennskapssamband til Ålesund. Særleg har KFUM-speidarane i Ålesund knytt sterke band til speiderrørslas i byen. Peterhead-borgaren Robert (Bob) Simmers har saman med ålesundaren Leif Hovde vore blant dei fremste aktørane i etableringa av venskapssambanda mellom dei to byane.
EU har finansiert ein storstilt oppgradering av sentrumet til byen og gågate.