Petrea Buchholm | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1786 Flekkefjord kommune |
Død |
1870 (84 år) |
Yrke | skribent |
Mor | Magdalene Sophie Buchholm |
Petrea Magdalene Buchholm (1786–1870) var ein norsk forfattar.
Petrea Buchholm var dotter av lyrikaren Magdalene Sophie Buchholm (1758-1825) og tollinspektør Joachim Frederik Buchholm (ca. 1762–1834). Ho var halsyster av legen og døvelæraren Peter Atke Castberg (1779–1823).
Petrea Buchholm vaks opp i Flekkefjord og Stavanger, og kom til Kragerø då faren vart tollinspektør der i 1806. Ho oppheldt seg òg fleire periodar i København. Ho var tilhengar av den kyniske skulen innanfor filosofien, og freista å oppretta ein eigen jenteskule i Kragerø.[1]
I København gav ho i 1817 ut den vesle barneboka En Faders Vandring med sine Børn fra Kiøbenhavn til Brede. I 1822 gav ho ut ei bok med Smaae Fortællinger af forskjellige Forfattare. På tittelbladet av boka er det oppgjeve at forteljingane er «udgivne af en Dame». Det er uvisst om dette er forteljingar ho har omsett, eller om ho berre var redaktør.