Pica
Svartnebbskjor øvst, gulnebbskjor under Foto: Illustrasjon i National geographic magazine, før 1940, ukjent kunstnar
Svartnebbskjor øvst, gulnebbskjor under
Foto: Illustrasjon i National geographic magazine, før 1940, ukjent kunstnar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Pica
Brisson, 1760

Pica er ei biologisk slekt av mellomstore medlemmer av kråkefamilien, Corvidae. Slekta har sirkumpolar utbreiing på den nordlege halvkula. Det er anerkjent sju artar i EBird/Clements Checklist v2018[1].

Dette er dels fargerike fuglar med særs lang hale, totalt ca. 45 til 60 centimeter i kroppslengd. Basisfargene er svart og kvitt, men modne fuglar kan syne metallisk blått, grønt, lilla og purpurfarga glans. Pica-skjorer er skildra som altetande og åtseletarar. Kjønna er like i fjørdrakt, men hannfuglar er større enn hoer. Dei er monogame og har langvarige parband. Reiret er oftast ein stor og overbygd konstruksjon, men det førekjem at dei bygger opne reir. Dette er standfuglar.

Arten skjor lever i Eurasia frå Irland til Kamtsjatkahalvøya. Han har fråvære frå Island og India. Svartnebbskjor lever i store delar av nordvestre Nord-Amerika, inkludert sørlege Alaska og Aleutane. Dette er den største arten i slekta. Gulnebbskjor har eit avgrensa leveområde i California, vest for Sierra Nevada. Dette er den minste arten, han skil seg frå dei to andre med iaugefallande gult nebb.

Fire takson er nyleg splitta ut frå Pica pica:[2] Maghrebskjor, Pica mauritanica lever i Nordvest-Afrika. Asirskjor, Pica asirensis lever i eit avgrensa område sørvest på Den arabiske halvøya. Svartgumpskjor, Pica bottanensis, lever i vestre, sentrale Kina og sentrale Bhutan. Orientskjor, Pica serica, har utbreiing frå Myanmar til sentrale Kina og er introdusert til Japan.

Artslista

Pica i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1], norske namn er etter Norsk navnekomité for fugl:[2]

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 31. januar 2018 
  2. 2,0 2,1 Bergan 2018

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pica