Pietro Mascagni | |||
| |||
Fødd | 7. desember 1863 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Livorno | ||
Død | 2. august 1945 (81 år) | ||
Dødsstad | Roma | ||
Fødenamn | Pietro Antonio Stefano Mascagni | ||
Opphav | Kongedømet Italia | ||
Sjanger | opera | ||
Verka som | dirigent, komponist | ||
Prisar | storoffiser av Sankt Mauritius' og Sankt Lasarus' orden, storkorsridder av Italias kroneorden |
Pietro Antonio Stefano Mascagni (7. desember 1863–2. august 1945) var ein italiensk komponist og dirigent som ved sida av Ruggero Leoncavallo og Giacomo Puccini er ein av dei viktigaste representantane for verismo-operaen.
Pietro Mascagni var fødd i Livorno i Toscana. Far hans var bakar. Pietro skulle mot eigen vilje, men etter ønsket til faren, studert til å bli jurist. Men onkelen hans adopterte han, og lét han byrja å studera musikk. Faren forsona seg med dette valet ettersom sonen nokså snart hadde stor framgang med verka sine.
Han var elev av Amilcare Ponchielli og Michele Saladino ved musikkonservatoriet i Milano. Frå 1895 til 1902 var han leiar for konservatoriet i Pesaro.[1]
Det best kjende verket til Mascagni, operaen Cavalleria rusticana, vann den milanesiske musikkforleggjaren Edoardo Sonzogno sin konkurranse for unge italienske komponistar som ikkje hadde hatt nokre operaoppføringar. Verket blei ein av dei største suksessane i operahistoria etter uroppføringa på Teatro Costanzi i Roma i 1890. Librettoen er basert på Giovanni Vergas si veristiske novelle/skodespel med same namn, og operaen til Mascani blir rekna som den første innan verismosjangeren i opera.
Også operaene L'Amico Fritz og Iris hadde stor popularitet i Europa.
Til saman skreiv Mascagni femten operaer, ei operette og fleire orkester- og korverk, i tillegg til songar og klavermusikk. Han hadde stor suksess i samtida si, både som komponist og dirigent.
Mascagni gjentok aldri seg sjølv i verka sine. Ein kan finna mange ulike stilartar i operaene hans: den sterke sicilianske kjensla i Cavalleria rusticana, den asiatiske stemninga i Iris, idyllen i L'Amico Fritz, det franske lydbiletet i Isabeau og den krasse verismen i Il Piccolo Marat. Mascagni kunne tilpassa det veristiske uttrykket sitt etter det dramatiske behovet.