Pietro Metastasio

Pseudonym Artino Corasio
Fødd 3. januar 1698
Roma
Død

12. april 1782 (84 år)
Wien

Yrke lyrikar, librettist, skodespelforfattar, katolsk prest, skribent, låtskrivar
Medlem av Accademia della Crusca, Arcadian Academy
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Pietro Metastasio på Commons

Pietro Antonio Domenico Trapassi (3. januar 169812. april 1782), kjend under pseudonymet Metastasio, var ein italiensk diktar og librettist.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Metastasio var Felice Trapassi frå Assisi og Francesca Galasti frå Bologna. Etter ein militær karriere i dei pavelege troppane etablerte faderen seg som grønthandlar i Via dei Cappellari i Roma. Paret hadde også to døtrer og endå ein son.

Allereie som barn kunne Pietro seia fram dikt spontant. Ved eit slikt høve blei han oppdaga i 1709 av m.a. Giovanni Vincenzo Gravina, som var kjend for den juridiske og litterære danninga si. Gravina var så begeistra over sjarmen og talentet til den vesle Pietro at han fekk løyve frå foreldra til å adoptera guten få veker seinare. Det var Gravina som gav den 11-årige guten kunstnarnamnet Metastasio.

Metastasio er rekna som ein av grunnleggarane av sjangeren opera seria.

Ein kjenner til over 60 lyriske tragediar og librettoar og eit stort tal kantatar, oratorium, canzonetter, sonetter, elegiar m.m. Dei fremste komponistane i samtida, som Pergolesi, Durante, Jommelli, Leo, Paisiello, Hasse, Porpora, Scarlatti, Vinci og Gluck, sette musikk til tekstane hans.

Verk

[endre | endre wikiteksten]

Operaer

[endre | endre wikiteksten]

Med namnet på den fyrste komponisten som tonesette den aktuelle librettoen.[1]

Andre sceneverk

Oratorium

Kantater

Canzonettaer

Andre verk

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]