Pipa

KlassifiseringEast Asian necked lute, klimpreinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-5

Pipa (kinesisk skrift 琵琶; pinyin pípá) er eit klimpreinstrument innan den klassiske kinesiske musikken.

Skildring

Cheng Yu med sin pipa

I utsjånad og oppbygging liknar instrumentet på oud/barbat frå Midtausten og lutt frå Europa. Han har likevel ei klarare pæreforma-oval form på kroppen, og er òg vesentleg flatare enn ein lutt. Som regel blir instrumentet laga den av mahogni, sandel eller anna edeltre; det kan òg lagast av billegare treslag. Etter ei vekslande historisk utvikling er den moderne pipaen blitt eit instrument som vanlegvis har fire stålstrenger, stemt A-E-D-A, og med 24-30 tverrband.

Ein bruker to teknikkar for å få fram lyden. Det kinesiske namnet på instrumentet kjem av desse to måtane. Ved (琵) blir peikefingeren på høgre hand ført frå høgre mot venstre over strengene, ved (琶) blir tommelen ført i motsett retning. Ein spelar med eigne eller med kunstige fingernegler. Bruk av plekter er meir sjeldan.

Historie

Pipaspelar, figur frå Sui-dynastiet. I Cernuschi-museet i Paris.

Historia til instrumentet kan sporast attende til Qin-dynastiet. Det har gjennomgått ei rekkje endringar sidan då.

Pipaspel hadde ein blømingsperiode i Tang-tida, og var særs populært ved keisarhoffet. Dette kjem nok for ein stor del av at det budde ganske mange persarar i hovudstaden Chang'an. Mange persarar og kuchanarar verkte som musikarar ved keisarhoffet. På veggmåleri i Mogaogrottene nær Dunhuang er det mange avbildingar av buddhistiske halvguddomar som spelar på pipa. I dikt frå Tang-tida blir pipaen ofte prist for den utsøkte og forfina klangen sin.

Pipaen har fått avleggjarar i andre austasiatiske land, den japanske biwaen, den vietnamesiske đàn tỳ bà og den gamle koreanske bipaen.

Pipa på undergrunnsbana i New York i 2004.

Repertoar

Ein skjelnar grovt mellom fire klassiske spelestilar: Wen (文; sivil), wu (武; krigersk), (大; suite) og xiao (小; solo).

Til dei mest kjende pipakomposisjonane høyrer Shimian Maifu (十面埋伏; 'omgjeven av ti strengar'); Xiyang Xiaogu (夕陽簫鼓; 'fløyte og trommel i kveldsdemringa'), Yangchun Baixue (陽春白雪; 'kvit snø i vårsola'), Long Chuan (龍船; 'drakebåten'), Yizu Wuqu (彝族舞曲; 'dansen til Yi-folket'), Dalang Taosha (大浪淘沙; 'store bølgjer slår mot sandbanken'), Zhaojun Chusai (昭君出塞; 'Zhaojun dreg over grensa') og Bawang Xiejia (霸王卸甲; 'kong Ba legg av seg rustningen').

Mot slutten av 1900-talet er det skrive ei rekkje nye solo- og orkesterverk for pipa, til dømes av komponistar som Wu Man og Min Xiao-Fen.

Spelarar

Blant dei meir kjende pipaspelarane på 1900-talet kan ein nemna Sun Yude (孙裕德; 1904-1981) og Li Tingsong (李庭松; 1906-1976). Begge var elevar av Wang Yuting (1872–1951) og nytta spelestilen guoyue (国乐), ein kombinasjon av kinesiske musikktradisjonar og vestleg stil. Wei Zhongle (卫仲乐; 1908 eller 1909-1998) spelte pipa og ei rekkje andre gamle instrument og avdelinga for tradisjonelle musikkinstrument ved musikkonservatoriet i Shanghai tidleg i 1950-åra. Andre framtredande pipaspillere er Shen Haochu (沈浩初; 1899–1953), hans elev Lin Shicheng (林石城; 1922-2006), dennes elev Liu Dehai (刘德海; * 1937), og Wu Man. Elles kan nemnast Min Xiao-Fen, Tang Liangxing, Jiang Ting, Gao Hong, Qiu Xia He, Cheng Yu, Liu Fang (劉芳), Yang Jing, Ting Ting (Zong Tingting), Zhang Jingyu, Zhou Yi, Yu Jia (俞嘉), Yang Wei (杨惟) og Fan Wei (樊薇).

Kjelder

Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. Malen blei sett inn 2020

Bakgrunnsstoff