Pizzicatospeling på kontrabass er vanleg innan jazz.
Høyr pizzicato på fiolin.

Pizzicato er ein spelemåte på strykeinstrument der ein klimprar eller knipsar på strengene i staden for å dra bogen over dei.[1]

Pizzicatotypar

Vanleg pizzicato

Ved vanleg høgrehandspizzicato løftar ein strengen med éin finger og slepp han att. (Ein løftar ikkje strengen så høgt at han slår mot gripebrettet.) Ved raskt pizzicatospel brukar ein gjerne to eller tre fingrar vekselvis. Ein særleg rask pizzicatotype er veksling mellom vanleg pizzicato (høgrehandspizzicato) og venstrehandspizzicato.

Venstrehandspizzicato

Venstrehandspizzicato er særleg bruka i virtuos fiolinmusikk og i norsk folkemusikkhardingfele.

Bartók-pizzicato

Ved Bartók-pizzicato klyp ein strengen mellom to fingrar, løftar han opp og slepp han slik at strengen slår mot gripebrettet.

Kjelder

  1. «Pizzicato on String Instruments». JustViolin.org (på engelsk). Henta 13. mars 2024.