«Please, Please, Please»
Singel av James Brown and The Famous Flames
frå albumet Please Please Please
B-side

«Why Do You Do Me»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1956
Innspelt 4. februar 1956 i King Studios, Cincinnati i USA
Sjanger R&B
Lengd 2:43
Selskap Federal
12258
King
5853
Komponist Johnny Terry, James Brown
Tekstforfattar James Brown, Johnny Terry
Låtskrivar(ar) James Brown
Johnny Terry
Produsent Ralph Bass
James Brown and The Famous Flames-kronologi 
- «Please, Please, Please» «I Don't Know»
(1956)


«Please, Please, Please» er ein R&B-song skriven av James Brown og Johnny Terry og spelt inn av Brown and The Famous Flames. Han vart gjeven ut som singel på det Cincinnati-baserte selskapet Federal Records og var den første professjonelle innspelinga og hitten til Brown. Singelen selde etter kvart over ein million eksemplar.[1] Han vart signaturlåten til Brown og eit fast innslag på konsertane hans.

Brown hadde djupe røter i sørstats gospelmusikk, og «Please, Please, Please» syner den 23 år gamle Brown med knust hjarte som inntrengande ber jenta si om ikkje å gå frå han. The Famous Flames song glatte vokalharmoniar bak den lidenskaplege vokalen til Brown.

«Please, Please, Please» nådde sjetteplassen på R&B-lista i USA, men gjorde det ikkje særleg godt hos pop-publikummet og nådde berre 105. plass på pop-lista. Eit album kalla opp etter songen vart gjeven ut seint i 1958 etter at Brown hadde fått ein ny R&B-hit med «Try Me».

I 1964 vart singelen gjeven ut på ny på King Records med publikum på eit lydspor for å skape kjensla av ei konsertinnspeling. Denne gongen nådde singelen 95. plass på Billboard Hot 100.

I 2004 vart «Please, Please, Please» rangert på 142. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

with The (Famous) Flames:

samt:

Andre utgåver

[endre | endre wikiteksten]

«Please, Please, Please» er spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Tina Turner og den britiske rockegruppa The Who på debutalbumet deira My Generation frå 1965.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «James Brown». history-of-rock. Henta 8. november 2006.