Plovdiv | |||
Пловдив | |||
Kommune | |||
Utsyn over Plovdiv
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Plovdiv | ||
Koordinatar | 42°8′36″N 24°45′4″E / 42.14333°N 24.75111°E | ||
Høgd | 164 m | ||
Areal | 101,969 km² [1] | ||
Folketal | 319 612 (2021)[2] | ||
Folketettleik | 3 134,40 / km² | ||
Borgarmeister | Ivan Tsjomakov | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Plovdiv 42°08′36″N 24°45′04″E / 42.143365°N 24.751032°E | |||
![]() Plovdiv kommune i provinsen Plovdiv
| |||
Nettstad: www.plovdiv.bg | |||
Plovdiv (bulgarsk Пловдив) er ein by og ein kommune i provinsen Plovdiv sør i Bulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar berre sjølve byen Plovdiv, som er den nest største byen i Bulgaria etter hovudstaden Sofia.
Byen ligg ved elva Maritsa, om lag 130 km aust for Sofia og er den største og viktigaste byen i det historiske området Øvre Thrakia eller Nord-Thrakia, vidkjend for sin eldgamle, mangfaldige kultur og tusenårige historie.
Kommunen har eit areal på 102 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 319 612 innbyggjarar.[2]
Den einaste busetnaden i kommunen er:
Busetnad | Bulgarsk namn | Folketal (2011)[3] | Folketal (2021)[2] |
---|---|---|---|
Plovdiv | Пловдив | 338 153 | 319 612 |
Til storbyområdet for Plovdiv høyrer heile kommunen Plovdiv i tillegg til kommunane:[4]
Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 512 656.[3]
Byen Plovdiv er delt inn i seks bydelar.[5]
Plovdiv si historie strekkjer seg 6 000 år tilbake i tid, noko som gjer byen til ein av dei eldste byane i Europa. Byen heitte Eumolpia då han i 342 f.Kr. vart erobra av Filip II av Makedonia, som omdøypte byen til Filippopolis. Byen vart seinare ein sjøvstendig thrakisk by under namnet Pulpudeva, før han vart ein del av Romarriket og hovudstad i Thrakia. Romarane kalla byen Thrimontium.
Slavarane erobra byen på 500-talet før bulgararane tok over byen i 815. Namnet Plovdiv fekk byen på 1400-talet.
Då Bulgaria var under Det osmanske riket på 1800-talet, vart den bulgarske kampen for sjølvstende leia frå Plovdiv, men då byen vart frisett frå osmanarane etter Slaget ved Plovdiv i 1878 vart han likevel ikkje ein del av fyrstedømet Bulgaria, og vart i staden hovudstad i det osmanske Aust-Rumelia fram til 1885 då han vart ein del av Bulgaria.