Pokal(frå gresk baukalis, 'kar', gjennom fransk og tysk) er eit høgt beger med stett som gjerne blir nytta som pyntebeger eller trofé i konkurransar eller som heidersteikn. Pokalar er ofte av sølv[1] eller glas.[2]
I handverkslaug høyrde pokalar til dei laugsgjenstandane det knytte seg seremoniar til. Denne typen pokal kunne ein kalla velkomstar.[2]
Pokalar av glas blei brukt som drikkebeger ved festlege høve, mellom anna av borgarskapen i Noreg, på 1600- og 1700-talet.[3] Med inngravert skrift og andre dekorasjonar er glaspokalar også seinare blitt nytta som gåver ved særskilde høve.
Det engelske ordet for pokal, cup, blir ofte nytta om idrettskonkurranser.