Polkagris er ein type godteri som består av vatn, sukker, peparmynteolje, glukose og eddik.[1] Den klassiske varianten er raud-og-kvitstripa drops.[2]
Ein framstiller dei stripa dropsa ved å rulla ut lengder av ein kvit og ein raud sukkermasse. Deretter tvinnar ein ei kvit lengd og ei raud lengd saman, og kappar den tvinna lengda opp i mindre bitar.
Den første som laga polkagrisar var svenske Amalia Eriksson som i 1859 fekk løyve av magistraten i Gränna til å skipa sukkerbakeri og til å laga drops. Namnet kjem av den store populariteten i samtida til den nye dansen polka,[3] medan gris var eit vanleg namn på godteri.[4][5] Eriksson var opphavleg ei fattig enkje, men blei rik på verksemda.[1][6][7] VM i polkagrislaging blei halde i Gränna kvart år frå 1994 til 2014.
Polkagrisar er ofte knytte til jul.[8] Dette kjem truleg av ei samanknyting med ein utbreidd amerikansk juletradisjon med å henga opp raud-og-kvitstripa dropsstenger forma som spaserstokkar, såkalla «candy canes», som julepynt.[9]